Røys bortrudd før 1888. Det var truleg denne som hadde to hellesette graver med dekkheller, der det i den eine låg eit opprusta sverd. Rudkallen budde i Skålarhaug og dei bar ut øl til han.
Hauso I Helleristningar. Granska 1955 (Egil Bakka). Fk. 4/1 = Helleristning på nedste nordaustre hyrne i Tveitæ, ein stor, flat stein. Ca. 20 fotsolar, 40-50 groper. Bilete: Bakka 1963 fig. 21; Mandt 1972 pl. 49 a, c.
Tunet på garden skal etter segna ha lege på Husatuftene, på ein flate noko høgare enn der gardane er no (1951). Det er nett ovom vegen til Årekol, stutt S for Kvernhusbekken. Garden vart øydelagd av skrede. Når stykket her har vore ope til åker, skal det fleire gonger vere funne kljåstein, handkvernstein og anna. B1047 - B1052 og B1832 - B1834 er herifrå, funne spreitt i jorda.