Kokegropa var rundt, 85 x 85 cm med humushaldig silt med mykje skjørbrent stein. I og rundt kokegropa er det raudbrent silt. Over kokegropa var det mykje røter. Om lag 50-60cm nord for kokegropa stod restane av ein gammal stubbe. Røtene til treet har strekt seg utover og ned i kokegropa.
Kokegropa vart snitta. Snittet var 13cm djupt. Kokegropa var 10cm djup. Fyllmassane bestod av svart, trekolhaldig silt med mykje skjørbrent stein
Lokaliteten er restar av eit dyrkingslag frå romertid.
Lokaliteten ligg på eit relativt flatt jorde. Det er ingen topografiske elementer som avgrenser den. Heile jordet ber preg av å vere i eit flomområdet. Massane varierar mellom hard, mørk aur, raud grus og silt, fin sand, myrhaldige torvmasser og mykje vassrulla stein. I matjorda ligg fleire lommer med sand.
Dyrkingslaget som er funnen opptrer sporadisk og flekkvis i sjakt 5. Massane i dyrkingslaget er mørkebrun, trekolspetta, sandhaldig silt. Massane er porøse og løsnar i store flak. Tjukkelsen på laget varierer frå to til ti centimeter. Dyrkingslaget er sporadisk synleg i sjaktprofilet, og er stadvis vanskeleg å skilje frå matjorda. Somme stader i sjakta er det synlege plogspor.
Lokaliteten består av restar av eit dyrkingslag frå sein-mellomalder og inn på 1600-talet. Lokaliteten er avgrensa i manglande funn mot nord og aust. I sør og vest heldt dyrkingslaget fram ut av planområdet og er ikkje avgrensa den vegen.
Dyrkingsrestane som er funnen opptrer usamanhengande i nordaustleg del av sjakt 12. Laget er mest samanhengande og synleg i nordvestleg sjaktekant.
Dyrkingslaget er mørkegrå, trekolspetta silt og ligg på 27-33cm djupne.
Lokaliteten ligg i relativ flat slåttemark, men området ber preg av moderne inngrep. Slåttemarka grensar til eit inngjerda beiteområde. Beiteområdet består av kupert terreng med elve- og isbreavsetjingar i form av store og små graskledde grushaugar. I grensa mellom beite og slåttemark kan ein tydeleg sjå ein sårkant der det er grave opp mot ein halvmeter ned på slåttemarka. Truleg har det kuperte terrenget haldt fram utover dagens slåttemark og i moderne tid blitt skava ned og planert ut. Det vart observert plogspor som gjekk djupt ned i undergrunnen.