40 cm djup, med tynt humuslag og brun matjord dei øvste 30 cm. Raudgul grus under. F10 1 flintflekke med mogleg retusj på ca. 20 cm djupn – i matjordlaget.
Nærast heile den nordlege tredjedelen av planområdet verka å vere ei gedigen steinrøys. Under overflatesøket var det uråd å kome nedi bakken sjølv med sonderingsboret. Unntaket var her oppe i nordvestre hjørne, som viste seg å vere eit parti med svært fin, raudgul sand. Fleire sjakter vart lagt der vi kom til inne i tette granskogen, men underleg nok var det berre den eine kokegropa som dukka opp. Mest truleg ligg det meir her, men det har nokre fleire utfordringar med seg å nytte maskin i skog. Det vart også observert eit par kolgroper i området.
Terrenget er høvesvis flatt, men skrånar svakt nedetter mot sør.
Sirkulær – trekol og skjørbrent stein. C14-prøve.110 x 110 cm.
50 cm – 10 H, 16 cm grå sand med litt humus og trekolbitar. Raudbrun sand under, med spetta gul sand i botn. F11 10 avslag og flekkekjerne av flint og 2 avslag av bergart på ca. 15-50 cm djupn – i sandlaga.
40 cm – 10 H, 15 cm raudbrun sand med ekstremt mykje stein. Gul sand og berg (eller stor stein) i botn. F13 1 avslag av flint på ca. 15-20 cm djupn – i steinlaget.