Anleggspor i undergrunnen etter busetnad frå bronsealder og eldre jernalder. Stolpehol, kokegroper, veggriller, kulturlag, steinsettingar. Fleire av stolpehola kan skiljast ut som tilhøyrande enkelte bygningar. Truleg minst seks bygningar, der fem er skilt ut med dateringar, to frå siste halvdel av bronsealder, ein frå overgangen førromersk/eldre romartid og minst to frå eldre romartid/yngre romartid.
Busetnadspor frå vikingtid i SA delen av det området der det gamle klyngetunet på Skåla har lege. I sjakt IV vart det nær det SV hjørne påvist eitt stolpehol og ei veggrille samt ei kokegrop og to felt definert som dyrkingspor.