Lokaliteten får ei utstrekning på vel 200 kvadratmeter og er konsentrert til terrassekanten i austre del av flaten. Funnstaden ligg på ein flate vel 50 meter rett nord for hyttetomt 64/43. Det er tatt fire prøvestikk på flata der to er funnførande. Lagdelinga i dei funnførande prøvestikka er først eit 10-13 cm tjukt lag med torv, under dette eit lag med lys sand - vel 10 cm tjukt. Under dette kjem ein ned på eit lag med mørkebrun jord, medan ein i prøvestikk nummer to kjem ned på eit lag med lys brun sandhaldig jord.
Lokaliteten er avgrensa av ein bergkolle i nordvest og myrdrag i søraust og nord. Flaten er vel 10 ganger 3 meter og det er tatt tre prøvestikk der eit var funnførande. Lokaliteten er rekna som liten. Det positive prøvestikket viser at ein har ein utvasking av laget under torva. Her er først eit 10 cm tjukt lag med torv, under dette ei smal linse med trekolhaldig sand, 1-2 cm tjukt. Vidare eit gråkvitt sandlag på vel 5 cm. Under dette kjem ein ned på raud jord. Det er i utvaskingslaget under torva at funna er gjort.