Lokalitetsområdet ligg i nordre helvta av det flate partiet. Her er det i nordvestre kant ein bergknaus som avgrensar lokaliteten mot nord. I vest skrånar terrenget opp mot flaten og mot draget i nordvest. Mot nord skrånar terrenget mykje og dannar slik ein topografisk grense av lokalitetsområdet. I aust er det ein vel 30 meter høg bergkolle som dannar ein naturleg buffer mot aust.Funnområdet får ut frå serien med prøvestikk ein relativt stor utstrekning. I aust-vest retninga dekkjer funnførande prøvestikk heile flaten. I nord-sør retning vert utstrekninga vel 15 meter frå nord og ut på flaten. Utstrekninga på det funnførande området får slik ein storleik på mellom 450-500 m2. Lagdelinga vil på ein slik flate variere mykje ut i fra lokale tilhøve og aktivitetar. Vestre del av flaten har ein noko fuktig karakter der ein har eit topplag av fuktig torv/torvmose. Dette laget varierar frå 15-30 cm i tjukne. Under dette får ein eit lag der torv sand og noko grus er blanda. Lag 2 varierar mellom 6 og 12 cm. Lag 3 er samansett av gråbrun sand med noko småstein i. Lag 3 varierar frå 25 cm i prøvestikk 4 til 6 cm i prøvestikk 5. I prøvestikk 5 har ein under dette eit særs trekolhaldig lag på vel 5 cm tjukne. I feltet i austre del er lagdelinga noko ulik frå den i vest. Grunnen her er mykje tørrare, slik at ein her har tørr torv i øvste lag. Dette varierer mellom 8 cm i prøvestikk 10 til over 20 cm i prøvestikk 3. Under dette kjem det i prøvestikk 3 fram eit særs kompakt lag med trekol. Laget har store trekolbitar. Dette laget er ikkje synleg i prøvestikka 9 og 10. Her er det eit 10-20 cm tjukt lag med sand og jord. I prøvestikk 10 får ein eit lag av torvjord/stein under dette. Lag 3 i prøvestikk 3 er her ei tett steinpakning av nevestor stein. Innimellom desse er det oskeblanda sand. Dette laget går vel 40 cm ned. Steinpakninga er ikkje observert andre stader på flaten, og ein kan slik ha kome bort i ei eller anna form for konstruksjon. Deler av lokaliteten er øydelagt av tidlegare anleggsarbeid i samband med nedgraving av vassleidning til Toska. Ei vel 5 meter brei sjakt er grave mest langsetter draget og har slik forstyrra ein vel 100-150 m2 stor del av funnstaden. Det vart tatt ut trekolprøvar frå prøvestikk 3 og 5. Desse er datert til 2400+/-50 BP (overgang YBA/FR) og 3810+/-80 BP (MNB/SN), medan funnmateriale som rhyolitt og ein dråpeforma flateretusjert kvartsittspiss, indikerer bruk både i TN og BA.
Gammetuft, rektangulær orientert ØNØ-VSV. Åpen mot sjøen i ØNØ. Brakkefundamentet fra gruvedriften på 1870-tallet ligger delvis over nordre langvegg. Tufta er ellers markert av inngraving i jordbakken i bakkant og kraftig veggvoll i SØ. SØ-veggvoll 1,8 meter bred og 0,5 meter høy utvendig. Ytre mål; 6,3 meter Ø-V og 5,8 meter N-S. Indre mål 3,4 meter bred og 5,1 meter lang. Tilsvarer tidligere registrert gammetuft beskrevet på ID 18886 (slettet fra Askeladden).
Gammetuft, tilnærmet rektangulær. Voll i voll med gammetuft enkeltminne 1. Orientert Ø-V med åpning mot sjøen. Inngravd i jordbakken i bakkant. Antydning til veggvoll i sør. Tufta synes eldre enn enkeltminne 1. Indre mål 3,9 meter bred, 6,5 meter lang. Tufta tilsvarer tidligere registrering av gammetuft på ID 18886 (nå slettet fra Askeladden).
Beskrivelse fra lokalitet:
Jordblandet gravrøys.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jordblanda gravrøys, 10m i diameter, 1,4m høy. Ikke synlig plyndringsgrop. Skadet av vei som går opp til døra i gavlen på uthuset. Uthuset er skåret inn i den sydligste delen av haugen.
Gammetuft ("fellesgamme"/"fjøsgamme")orientert N-S med langveggen mot sjøen i Ø. Uklart markerte voller pga vegetasjon. Utvendig lengde 10,6 meter, bredde 5,1 meter. Tilsvarer tidligere registrerte gammetufter på Id 18886 (nå slettet fra Askeladden). Gjelder beskrivelse av "...to uklare gammetufter". Disse tilsvarer trolig ulik avgrensning i fellesgammen.
Funnstaden ligg på toppen av draget. Her er ein flate mellom to større bergknausar. I nord er den avgrensa av ein vegfylling. I sør skrånar den naturleg ned mot sjøen. Deler av den opprinnelege markyta står att særleg i aust; her er det att ein vel 2-4 meter brei kant. Funna som er gjort vitnar om at lokaliteten er konsentrert i den sørlege delen av flata. Her er det frå gamalt av ein naturleg skrent ned mot draget. Funnmaterialet er likevel sparsamt langs kantane og ein må slik sjå sentrum av lokaliteten der grøfta går i dag. Ein utstrekning av lokaliteten er høvesvis på 30 m2, men er truleg noko mindre. Lagdelinga på den urørte delen av lokaliteten viser at aktiviteten på staden synest vera avgrensa til overflatedyrking, som ikkje har gått gjennom torvlaget. Torva er her vel 25 cm tjukk. Under er det eit lag med sand og grus. Funna i prøvestikka er gjort i nedre del av torvlaget, og lokaliteten har lege nokså intakt inntil vassleidninga vart laga.
Slagghaug med slagg av yja/ma-type. Slagghaugen er i stor grad ødelagt av traktorvei. Slagge ligger i hovedsak på øst-siden av traktorveien. Slagget er spredt utover.
Funnstaden ligg på flaten som vender utover mot Toskasundet. Her er vidt utsyn mot sør, vest og nordvet. Flaten er naturleg avgrensa. Sjølve funnstaden er flat, men med einskilde bergskaver stikkande opp på austsiden av flaten. Funna som er gjort vitnar om at lokaliteten er konsentrert til ein liten del av flaten; her er funn i eit prøvestikk og det kan difor vere naturleg å sjå denne lokaliteten som ein utkikksplass i samband med den aktiviteten som har funne stad i området. Lagdelinga viser at lokaliteten er mest urørt av nyare tids inngrep. Ein del beiting på staden har erodert noko av avsetningane, særleg arealet rundt funnstaden. Torva er veldig tjukk, opptil 40 cm. Under dette er eit lag på 2-3 cm av sandblanda torv, mørkt på farge etter blanding med oske og trekolpartiklar. Under dette eit lag med lys finkorna sand, vel 14 cm tjukt. Vidare har ein eit gruslag på 5 cm med sand og småstein.