Røysa er i dag vel 27 meter lang og vel 6-8 meter brei. Kantane er mykje overgrodd med tjukk torv og langsidene er ikkje råd å sjå. Røysa er likevel klart avgrensa frå steinura austafor og må slik væra lagt opp av menneske. Røysa ligg midt på bytet mellom bruk 1 og 8 og dannar ikkje noko naturleg grense. Røysa er ein del skadd av steintak i nyare tid. Steinen herifrå kan væra nytta i båtnausta lenger sør eller i steingarden lenger nord. Røysa ligg i dag vel 2 til 2,5 meter over havnivået. Røysa er lagt opp av fleire lag med stein, her er det fleire større stein i botn og mindre løftestein i toppen. Røysa får slik ein høgd på mellom 50 - 80 cm. I sentrum og nordre del av røysa er det steinkonstruksjonar som kan minna om kammerstrukturar. Desse er noko skadd av steintakinga. Steinane ser ikkje ut til å vera tatt i frå ura, men form og slitasjen gjer at dei truleg er strandstein. Blandinga mellom store og mindre stein gjer at konstruksjonen minner om ei gravrøys. Ein kjenner fleire slike langrøyser frå Hordalandskysten og sørover.
Lokaliteten ligg på ei markert berghylle, der denne strekker seg nordvest-søraust. Overhenget er vel 35 meter langt og er opptil 1,5 meter djupt. Lengst søraust er hellaren mindre markert og større steinblokker ligg nedrasa. Flaten i og like utanfor overhenget er liten og går bratt ned mot ein større terrasse vel 4 meter lenger ned. På denne går i dag stien ned til nausta ved Vassvika. Det totale arealet er vel 30-40 m2. Det er tatt 2 prøvestikk inn under overhenget og begge gav funn av trekol. Frå prøvestikk 2 vart det tatt ut ein dateringsprøve i nedre del av lag 2. Strategrafien på funnstaden viser at ein har eit vel 10 cm tjukt torvlag. Under dette kjem eit 25 cm tjukt sand og trekolblanda lag som ligg oppå steingrunn. I trekolet som er tatt ut ser fleire bitar ut til å væra hoggefliser. Trekolprøva viser ei ukalibrert datering til 2290+/+70 BP.