Steingard III ligg mellom Tuft I og Tuft II. Han er boga, låg og særs overgrodd. Vanskeleg å seie kor gammel han er, men truleg er han samtidig med tuftene/røysene på flaten her på Nedre Helland.
Denne røysa er om lag 7,0 m i diameter, og om lag 0,4-0,5 m høg. Den er dekt av rydningsstein og kvistar, så det er vanskeleg å avgjere om dette er eit gravminne eller ei rydningsrøys. Berre ei nærmare undersøking kan avgjere det.
Tufta er ca 8,0 x 6,0 m, SA-NV. Det er låge steinmurar på tre av sidane, medan ho er ope mot SSA. Uviss alder, men ut frå utsjånaden er det rimeleg å tru at tufta er førreformatorisk.