Røys nr. 7: ligg heilt inntil røys nr. 4 i retning NV. Mykje stein er synleg, men inga tydeleg sirkulær form. Tverrmål er kanskje 4,5m i V-Ø. Høgda er omlag 0,3m.
Røys nr 8: I frå røys nr. 7 og i retning ØSØ fortsett steinpakninga over til røys nr.8. Den har sirkulær form, er 4m i tverrmål og omlag 0,3m høg. Ho er overgrodd av lyng.
Røys nr 11 ligg på toppen av holmen. Ho måler omlag 12m i tverrmål og er omlag 1m høg. Mykje stein med storleik 0,3m ligg oppe i dagen. Ein del steinar er fjerna frå sentrum, så røysa er nokså flat og lav. Frå røysa til sjøen i sør er det omlag 30m.
Røys nr 12 ligg på innsida av holmen, omlag 35m frå sjøen. Røysa er overvakse av lyng og mose, og det er eit søkk i sentrum. Tverrmålet er omlag 6m, og høgda er omlag 0,8m. Det er 30m til sjøen i sør.