R9 ligger på ein noko lågare bergknaus omlag 30-40 m VSV for røys nr.10. Ho er heilt overvakse av lyng og mose. Tverrmålet er vanskeleg å bestemme, men er omlag 6-7m. Røysa er dekt av tjukk torv.
Heile det indre av røysa blei omdanna til tysk forsvarsstilling under krigen. Eit ope rom måler 2,7m Ø-V og 3m N-S, og er omlag 1,2m djupt. Ei sjakt fører inn i frå SØ. Tverrmålet er vanskeleg å bestemme nokonlunde nøyaktig, dels som følgje av det tyske befesningsarbeidet, og dels fordi knausen er overvakse av lyng. Utkasta kuppelstein ligg nedover sidene. Men det er sannsynleg at tverrmålet har vore omlag 13-14m.
Røys nr 12 er omlag 9m i tverrmål og omlag 0,6m høg. I sentrum av røysa er eit søkk som måler 2mx2m og omlag 0,6m djupt. Rett vest for røysa er ei dyrka mark. Ein del stein stikk fram mellom mose og lyng, og litt eine veks i søkket. Bytestein/bautastein: stikk 55cm over jorda. På det breiaste måler han 35cm.
Steinen er 1,2m lang og 0,3meter brei. Nils Parelius skriv i boka si at der ligg ein 1,2m lang stein som såvidt er synleg over jorda, og at han i form minner om bautasteinar som er andre plassar på øya.
Røys nr. 1 ligg innanfor Kvalvikskjeret og omlag 25m frå sjøen. Ho er nokså flat og skråar utover mot havet. Tverrmålet er vanskeleg å fastslå med sikkerheit, men det ligg truleg ein stad mellom 15-18m. Ein del stein ligg oppe i dagen, men det meste er dekt. I sentrum av røysa er stein kasta ut, og søkket måler 4m i tverrmål. Frå krateret går ei tydeleg forsenkning som er 2m brei og 5m lang i S-N. Forseinkinga, som er ei kløft i berget som røysa ligg på, er fylt med stein, men er overgrodd med gras og mose.
Røys nr. 2 ligg omlag 40m aust for røys nr. 1, og omlag 35m frå sjøen. Røysa er rund, nokså flat, og heilt overgrodd med gras, mose og lyng. Tverrmålet er vanskeleg å fastslå, men er kanskje på omlag 9m. Det er eit søkk i sentrum som er dekt av torv.