Røys nr 3 ligg 2-3m frå røys nr 2 i sørleg retning. Røysa har omlag same tverrmål som røys nr 2 (9m), men er kanskje noko større. Ho verkar dessutan noko høgare. Høgda er 1m. Steinar er synlege i sør og vest, resten er dekt av mose og lyng.
Røys nr. 4 ligg 30 m frå sjøen og rett opp for sundet innanfor Stokkholmane. Røysa er 10m i tverrmål, og omlag 1,5m høg. Ein del stein er synleg mot vest, og dessutan ser ein to søkk.
Røys nr 5 ligg på ein liten holme som er omflødd ved flo sjø. Røysa ligg omlag midt på holmen. Ho er omlag 8m i tverrmål og 1m høg. Det er ikkje spor etter utkasting. Dette er sannsynlegvis ikkje ei gravrøys, og i boka si omtalar Parelius ein transformatorstasjon på denne staden. Stasjonen er no borte.
Røys nr 1 er omlag 2m høg og er den høgaste. Umiddelbart skulle ein tru den har eit tverrmål på omlag 13m, men steinpakninga omkring som er lav men markert indikerer at røysa har vore bortimot 21,5m i diameter ein gong. Det finnes 8 tydelege søkk i røysa og dessutan skjer ei sjakt gjennom sentrum i frå Ona i retning VSV. Ho er omlag 1m djup. Ein del steinar ligg oppe i dagen, dei største måler opptil 40-50cm og ligg i sentrum. Sjakta i sentrum skuldast minedetonasjon i frå krigens dagar, opplyser Asbjørn Winstad.
Røys nr 2 (tolkar Nils Parelius til å vere 2 røyser): Røysa ligg 4m vest for røys nr 1 og er svært lav med uklare konturar. Det er umogleg å fastslå om det som for meg synast å vere ei 14m lang røys mot aust består av to mindre røyser, slik Parelius hevdar. I vestenden (på det Parelius kallar røys nr 3) er ho høgast, 0,6m
Røys nr 4 ligg 0,5m vest for røys nr. 2 (Parelius si røys nr. 3). Ho har tydeleg konturar og måler 11 m i terrmål. I sentrum er eit karakteristisk søkk på 4,5m x 4,5m, som er 0,4m djup. Røysa er omlag 0,6m høg.
Røys nr 5 ligg 2,5m vest for røys nr 4 og er lav med uklare konturar. Ho er omlag 11 m i nord-sør, men det er vanskeleg å dømme om avstanden vest-aust, kanskje 18 m.
Røys nr 7: Aust for røys nr. 1 ser ein ei fohøgning med tverrmål på 9m, som er omlag 0,4m høg. (Asbjørn Winstad seier at ei røys aust for røysa nr 1 blei rydda bort til fordel for dyrking.