Røysa er helt flat, men det er godt synleg at det har vore ei røys her. Massen i røysa er sannsynlegvis brukt til vegfylling. Det var Peder J. Hollingsæter som viste meg røysene. Han fortalde at han ikkje kan hugse at røysene har sett annleis ut enn det dei gjer idag.
Sirkel på ca 6m i diameter. Uvisst kva dette er. Eg har snakka med eigaren på bruket, og han meinte og trudde at det hadde stått ei vindmølle der ein gong i tida. Det kjem heller ikkje klart fram kva dette er i Nils Parelius sine skildringar. Området der steinsirkelen ligg er graskledd beitemark som ikkje er dyrka. Steinsirkelen er lav og liknar i mine augo ikkje på ei gravrøys samanlikna med dei røysene eg har sett tidlegare, men det kan ikkje utelukkast at det er ei røys.