Kontrollregistrering 2025:
Svakt nedgrave tuft som har ei ujamn rektangulær form, orientert nordvest mot søraust. Tufta er graven ned i ei svak helling som heller svakt mot sør og søraust. Eit godt synleg nedgrave kant mot nord (hytta) og vest, med eit tydeleg hjørne. Det er ikkje heilt tydeleg om tufta har hatt berre eit rektangulært hovudrom med ein tydeleg utgang mot sørsøraust, eller om den har hatt eit rom til, på austsida parallelt med hovudrommet. Golvnivået inne i hovudrommet måler ca. 4 x 1,3 m. Nedgravingsdybde er mellom 0,1-0,2 m. På utsida av inngangen, på sørsida, ligg det ein slagghaug. Vestre voll av tufta og slagghaugen ligg på kanten av forhøgning. Eit eventuelt siderom mot aust er skilt av ein låg voll på ca. 0,15-0,2 m i høgd og med ei breidd på opptil 1,8 m. Ingen tydeleg opning mellom romma, men denne kan ha vore på bakkenivå då nedgravingane er såpass grunne. Det moglege siderommet mot aust har eit indre golvnivå som har ei utstrekning på ca. 2,8 m i lengd, men breidda er vanskelegare å måla. Terrenget er her utflytande og ujamt, noko som kan sjå ut som både naturlege avsetningar og at det har vore nokre masseflyttingar. Noko av dette nok aktivitetar knytte til fritidsbustaden, anten ved oppføring eller seinare bruk av uteområdet.
Tidlegare skildring:
R133. Tuft, lengde N-S 11,3 m, bredde 10 m. 2 m og 184 grader fra hytte 210.