Kontrollregistrering 2025:
Målar ca. 2,8 x 2,3 m i utstrekning. Høgd 0,05-0,5 m, høgast ved inngang. Ligg på og på kanten av naturleg forhøgning med lausmassar.
Kontrollregistrering 2025:
Avgrensa hovudområdet med bruk av metalldetektor. Utkastområdet går ned botnen av skråninga av lausmasseryggen, til der terrenget byrjar å flata ut og kvar myra har krope oppover.
Aust for tufta er det påvist noko slagg med metalldetektor, men det er usikkert om dette er eit utkastområde for slagg, eller om slagg har vorte drege utover, anten i produksjonsperioden eller seinare ved oppføring og bruk av fritidsbustaden. På vestsida av tufta er det også påvist noko spreidde slaggfunn med metalldetektor. Avgrensinga er sett der det ikkje er noko meir utslag med metalldetektor, slik at moglege arbeids- og lagerområde på denne sida av tufta ligg innanfor lokalitetsavgrensinga. Arealet vest for tufta, både innanfor og vidare vestover utanfor lokalitetsavgrensinga har ein del grunne fordjupingar.