Røysa er rund og vel 7,5 m i tverrmål, høgda er vel 1 m. Den er bygd av løftestein og det er ingen teikn på søkk i røysa og den synest vera inntakt. Røysa er delvis overgrodd av lyng og einskilde furutre. Røysa ligg i eit mykje brukt friområde.
Frå Per Fett: Fk. 1/1-2. Steinkransar. Den eine er 4 m i tvm., den andre ligg 1 m i SSV og er 5 m i tvm. Inni kransen er det djupare. (Ross nr. 9). Frå J. Aksdal, 2004: Det var ved synfaring på Ramseidet ikkje råd å finna att steinringane. I området i dag er det storvaksen furuskog og gras, slik at steinringane ikkje er synlege. På sikt bør det verta undersøkt om dei registrerte kulturminna framleis finnes på staden, og i den samanhengen få dokumentert dei skikkeleg.
Frå Per Fett: "Langskipshaugen", langhaug bygd på naturleg grushaug, av stein og jord. Her er f. skipssaum i restar av eiketre, som Clement O. Skilbeck fekk, men dei finst ikkje no i hans samling. Geometri endra 10.03.2020 då det ikkje var heilt samsvar med innlagt geometri og reell plassering. Status endra frå uavklart til automatisk freda ut frå dei funnopplysingane som er i skriftlege kjelder. Storleik på haugen er endra ut frå flyfoto og lidarskanning og er ca. 53 x 22 meter.
Haugen som vert kalla Silkjeberghaugen er omlag 10 m i tvm. Tidlegare har her visstnok stått ein bautastein på toppen av haugen. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Haugen ligg her framleis, og i samme stand som skildra av Per Jan Lavik. Uvisst om det er ein gravhaug eller ein naturleg haug. Om det er tilfelle at her har stått ein bautastein, så tyder jo det på at dette er eit gravminne. Per Fett valgt å sjå på det som ein naturleg haug, og tok han ikkje med i seiren Førhistoriske minne på Vestlandet.
Under befaringen på Landa i 1983 fortalte grunneieren Nils J. Landa at han og broren hadde kommet over slagg i jorden i forbindelse med nydyrking. I tillegg hadde de funnet heller samt kull og aske. Dette ble tolket som spor etter en ovn. Malmen som ble funnet hadde spor etter leirforing fra blester. Trolig dreier det seg her om rester fra en blester fra jernalder. Stedet ble ikke nærmere undersøkt.