Frå Per Fett: "Storåkerhaugen", 15 m i tvm., 1,5 m høg. Grav 1 i mannslang helledekt hellekiste VNV-ONO nær midten, lagd på berg som var jamna med jord. B7907 I låg i eit lag kolblanda jord. Grav 2 lå like N for 1, helledekt kiste av reiste heller, truleg mannslang O-V. Her låg B7907 II. Ettergraven 1928 (Olav Espevoll). Grav 3 låg like austleg for grav 2. Her låg B7945. Her skal ha vore ei fjerde grav.
Det hadde vore funne 13 steinøksar på staden, deriblant fleire spissnakka øksar. Ved leiting i potetåkeren på staden i 1995 vart det på kort tid funne 39 steinartefakter, m.a. eggfragment av grønnsteinsøks, mikrolitt av kvartsitt, skraparar og avslag mest av flint men og av kvartsitt og bergkrystall. Det vart då klart at øksematerialet hadde samanheng med ein stor buplass som ut frå spreidinga av funna kunne vera minst 300 m2. Lokaliteten var til då den største og mest funnrike steinalderbuplassen som var kjent i Hardanger. Ved sinare undersøking av staden vart det funne ytterlegare 300 gjenstandar. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Staden vert i dag ikkje nytta som åker, men er i staden beite-/slåttemark.
Frå Per Fett: Buplass? Der var ei mengd kol. B10484a låg 8-10 m høgare opp, B10484b lengre S, under nordaustre hushyrna. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Staden rundt lokaliteten er i dag heilt nedbygget. Sjølve lokaliteten ligg i hagen/vegen til bnr. 56, og kan enno ligge her.
Frå Per Fett: "Klungerhaugen", 15 m i tvm., 1,5 m høg, no berre ein liten rest att, ei helvt låg på grannebruket. Ettergraven 1904 (Haakon Shetelig). Grav 1: Ut over botnen låg noko kol, B5907 låg om lag i midten over ca. 1 m område, krukke fylt med brende bein og ingen bein utanfor. Grav 2: I austre kanten må ha vore branngrav i ubrend båt, ca. 8 m lang. Brende bein låg i klebergryte med helle over. B5927-B5928. (Opplysningane om grav 2 i Haugen kjem frå Bjarne N. Naterstad, fødd 1899, og han stadfeste si meining i 1971. Men Shetelig hevder i tilv. at her var båtgrav under flat mark, altså utanfor haugen). Frå Bergen Museums hovedkatalog: "Sagerne er fundet i en meget svær haug, som kaldes Klungerhaugen, som har en udmerket udsigt nedover dalen og altid paa helligdage har været samlingssted for gaardens folk. Haugen var meget stor, bygget af svær sten blandet med jord. For omtrent 50 aar siden var der bortkjørt nær en trediedel af haugen; men gravningen gik da ikke ind til midten og intet blev fundet. Iaar er hele haugen opbrudt. Vidt udover bunden fandtes der en hel del kul; omtrent i midten laa oldsagerne samlet paa omtrent en meters omraade. Foruden det indkomne skal der have været en krukke af graalig farve og tyndt gods; den faldt fuldstændig sammen og blev ikke opbevaret. Krukken var fyldt med brændte ben; efter finderens bestemte udsagn saaes der ikke spor af ben udenfor krukken".