Lokalitetsflata er omlag 6x10 m stor og den er avgrensa av låge bergflater mot sør, vest og aust. Flata er dekket av gras og lyng. Det er funne ei flintflis i eit prøvestikk av til saman 8 prøvestikk. Lokaliteten er m.a.o. svært liten. I det funnførande prøvestikket var det 10-15 cm svart torv som dekket mørk brun sand. Det var ikkje spor av moderne omroting av lokaliteten.
Det vart gjort funn i tre av prøvestikka. Desse vart gjort i nærleiken av den gamle åkeren, og det er difor ikkje umogleg at delar av lokaliteten kan vera forstyrra av dyrkinga. Mellom anna vart det funne eit nedgravd plastrøyr i dei to søraustlegaste av prøvestikka. Funna låg i overkant av den brune sanden. Funnmengda er særs låg og lokaliteten dekker berre nokre få m2.