Lokaliteten er ein kulturlagslokalitet, med funn av beinfragment i det eine prøvestikket (LIÅ7). Kulturlaget er danna av feitt, noko humus og trekol, men har ein høg komponent av minerogent materiale (sand). I GR 42 er botnen av kulturlaget utsett for jernutfelling og flintfunna sit einskilde stader fast i grusen. Det overdekkande torvlaget er ikkje særleg mektig, i tillegg er det påvist stratigrafiske moment i botnen av torvlaget, som kan tyde på at flata har vore utsett for marginal overflatedyrking-Dette syner seg som omsnudd i LIÅ 7 og eit moldlag i GR 42. Det er ikkje påvist synlege forstyrrelsar på overflata eller i laga som ligg under torva. Prøvestikka er vertikalt avgrensa på bergflata. Både regulær mikroflekketeknikk og bipolar teknikk er godt representert i funnmaterialet. Det er funne eit retusjert smalflekkefragment av bergkrystall på lokaliteten og ein brent endeskrapar av høgkvalitetsflint laga i regulær flekketeknikk. Flintdominansen er markant men det finst og innslag av bergkrystall, andre råstoff er ikkje påvist på lokaliteten. Det typologisk daterbare materiale frå lokaliteten er tre fragment av eit brent flekkebor og ein stikkel. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten er 9800 BP, -9600 Bp om ein nytter ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata. Funnmaterialet er ikkje i tråd med ei tidlegmesolittisk datering. Det er C14-datert to kolprøvar frå kulturlaget i GR42. Topplaget av kulturlaget varat datert til 2240 +-85 BP (T-15490, medan botnlaget fekk dateringa 7785+-70 BP (TUa-3569). Dateringa frå botnlaget av kulturlaget er i samsvar med det arkeologiske materialet. Ut i frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til mellommesolitikum.
Ifølge litteratur: Røys, utkastet. Ligger på Ø-siden av Årefjorden på toppen av åsen. D 4m. Ikke lokalisert ved ØK-reg 1974. Utilstrekkelig stedsangivelse. Uklare eiendomsforhold i området.
Estimert lokalitetsutbreiing er sett til 80m2. Då lokalitetsflata er topografisk avgrensa vart berre eitt prøvestikk tatt på lokaliteten. Det finst eit tomt avgrensningsstikk 10-12 meter nord og utafor lokalitetsflata. Kulturlaget, som er omlag 30cm tjukt, ligg direkte på bergflata. Dette laget er dekka av eit 20cm mektig torvlag. Dette er ein kulturlagslokalitet som skil seg frå dei andre i Baraldsnes - området då det er gjort funn av fragmenterte brente bein. Kulturlaget er sandhaldig med mykje feitt og kol, stein som er skjørbrent finst berre i små mengder då laget hovudsakleg består av finsediment. Det er ikkje noko synleg skille internt i kulturlaget i stikkprofilet, men ut frå samansetninga til C14 prøvane synte det seg at innhaldet av brente bein var større i dei nedste sjikta av kulturlaget. Det typologisk daterande materialet frå lokaliteten er eit eggfragment av ei vestlandsøks, funne i prøve 26 i nedste sjikt av kulturlaget. Eit fragment av slipt skifer peikar og i retning av neolitikum. Fragmentet er slipt mot ein egg og kan såleis vere ein del av ein kniv eller spyd. keramikk er også funen i ein C14 prøve (prøve 25), men i øvste del av kulturlaget. Bipolare kjerner syner saman med avslagsmaterialet deb dominerande reduksjonsteknikken på lokaliteten. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir dermed 5100 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 4400 BP. Dei to C14-prøvene frå prøvestikket ga dateringar til yngre bronsealder (bøttelag 1, prøve 25), og mellomneolitikum A (bøttelag 3, ptøve 26). Truleg representerer yngre bronselader dateringa 2610+-80 BP (T-155488) ikkje ein bruksfase på lokaliteten, men eller til dømes avsviing. Dateringa til mellomneolitikum 4430+-125 BP (T-15489) passer godt med det diagnostiske funnmaterialet på lokaliteten. Eggfragment av ei vestlandsøks som vart funnen i jordprøve 26 er gjensidig stadfestande.