Lok 58 er definert som eit funnområde av kategori B. Lokaliteten har ei utbreiing til og kring sjaktene 55 og 56. Funnmaterialet kjem både frå overflatefunn og prøvestikk i sjaktene samt frå eit prøvestikk mellom sjaktene. Det vart totalt funne 9 artefaktar i flint på lokaliteten. Av desse var tre retusjerte flekker, kor ei var vassrulla. Av dei seks avslaga i flint var to vassrulla. Ut i frå typologisk trekk i flekkematerialet er ei tidlegmesolittisk datering plausibel.
Sjakta er orientert aust-vest og undergrunnen var av grus og stein. Fleire kisteveiter var synleg i sjakta. Kokegropa ligg tett i bergkanten, som har gitt god ly mot vind, og det kan ikkje utelatast at det finst fleire kokegroper i området ved bergkanten. Det vart laga eit merke i berget med spraymaling for å syne sjaktplasseringa. Resultat av datering på kokegropa ga alderen førromersk jarnalder.
Lok. 1 ligg 6-7 m NA for hytte og 1 m SV for bergvegg. Her var 10 cm trekolblanda torv, tynt sandlag og brunjord under. Funnførande prøvestikk. Staden er ei lita lun flate.
Lok. 2 ligg på naturleg flate, 3 m NA for hytte og 2 m N for hytteveg. Prøvestikk utvida til 50x50 cm: 12-15 cm trekolblanda torv, 2 cm trekolhaldig lag og brunfarga steinhaldig jordsmonn under. Prøvestikk NA og SV for dette ga ikkje funn. Prøvestikk 2 m SV synte 12 cm kolblanda torv og sandblanda jord under.