Det vart tatt 3 prøvestikk, der 2 var funnførande. Lokaliteten er avgrensa i N og S av bergknausar. Området mellom bergknausane er omlag 7 x 10 m. I samband med etterprøving av kvalitet på lokaliteten i 1998, blei den definert som funnstad av artefakter i tilført masse knytt til hagebruk.
Det vart tatt 1 prøvestikk som var funnførande. Storleiken på lokaliteten er mest uråd å fastleggja, då den er delvis øydelagt av muren. Men området under overhenget er på nokre få kvadratmeter. I samband med etterprøving av kvaliteten av lokaliteten i 1998, blei den definert som funnsted av artefakter i tilført masse.
Lokalitetsflaten er omlag 5 x 5 m. Det er tatt 4 prøvestikk der 2 er funnførande. Stikk på andre sida av steingarden var funntomme. I samband med etterprøving av kvalitet på lokaliteten i 1998, blei den definert som funnsted av artefakter i tilført masse knytt til hagebruk.
På lokaliteten vart det grave 4 prøvestikk, av desse var alle funnførande. PS 1,2 og 3 har tilnærma lik stratigrafi. Under 10 cm med torv er det om lag 20 cm med matjord, denne var kompakt og noko grus- og sandhaldig. Under dette var eit lyst brungult sand/gruslag, dette var om lag 10 cm tjukt og var funnførande. I botn var det steril sand og grus. PS 4 skilte seg noko ut i stratigrafien, dei øvste 10 cm var skogsbotn og vidare 25 cm med fuktig mold/myr. Under dette var det eit blågrått sand/gruslag. Dette var funnførande. Under sand/gruslaget var det blågrå leire. Det vart til saman gjort 8 funn, ingen av funna er diagnostiske så det er vanskeleg å antyde datering nærare enn steinalder. Det vart mellom anna gjort funn av 1 makroavslag, 1 smalflekkefragment og 1 kjernefragment brukt som skrapar, alle i flint.
Det vart gjort 2 prøvestikk på lokaliteten, begge var funnførande. Til saman vart det gjort 4 funn, 3 i flint og 1 avslag i kvarts. Av funna i flint kan 1 kjernefragment i flint nemnast. Det er tilnærma lik stratigrafi i dei to prøvestikka. Under torva er eit om lag 20 cm tjukt lag med matjord, noko sand/grushaldig. Under dette er eit funnførande lag med raudbrun sand og grus. Dette laget er om lag 15 cm tjukt. Under er det eit lysare lag med raud/gul sand og grus.
Lokaliteten ligger på åpent åkerstykke. De fleste funnene plukket i V-delen av åkeren. Vanskelig å si noe om utstrekningen, men naturforholdene gjør at fine steder peker seg ut. Fjellvegg, overheng, mindre knauser, osv.