Beskrivelse fra lokalitet:
I den austlege enden av Karaldevatnet vart det registrert eitt automatisk freda kulturminne. Dette er ein heller med kulturlag og oppmuringar i stein.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hellaren ligg 850 moh, rett nord for Karaldevatnet. Datert til 1170-1260 e.kr. Overhenget er på det meste ca 1 – 1,5 meter ut frå fjellveggen. Lengda på helleren er om lag 12 meter og er avgrensa av dråpefallet og steinstrukturane. Innanfor det er helleren er for det meste tørr. Takhøgda i helleren er svært god. Det er lagt opp tørr mur fleire stader i helleren for å gje betre ly for vær og vind. Desse murane strekk seg lengre ut enn overhenget, noko som kan tyde på takkonstruksjonar på desse murane, men vi kan ikkje slå fast dette utan ei nærmare undersøking av helleren. Oppmuringane har ein noko yngre karakter, men delar av steinstrukturane kan være frå førhistorisk tid. I samband med fisking i vatnet og jakt i området kan murane ha blitt vedlikehaldne i nyare tid. Golvet i den delen av helleren som har oppmuringar er i dag dekka med steinheller. I resten av helleren, utanfor oppmuringane, er det også hellegolv, men her er det mest overgrodd med torv.
Beskrivelse fra lokalitet:
Frå Per Fett: "2. Haug berre rest att. Tvm. har vore minst 15 m, høgda no 1,5-1,7 m. Ligg 20 m O for hovudvegen, 130 m NNO for prestegardhusa, 60-80 m frå 1. På nordsida går ein berghamar bratt i sjøen, på sørsida er dyrka mark, Bleikebakkane. Røysa er utkasta frå S inn over midten. Kjernerøys. Tilgrodd med gran og hassel. Halvt utgraven 1960 (Egil Bakka) og her står nå eit tankanlegg. Haugen har vore bygd av fjørestein i eit hall mot NO, om lag 0,5 m høgt. Under ei hellelegging på om lag 1 m mest nede på berget låg to små dungar av leirkrukkeskor, truleg frå ei og same krukka, men skor frå ein dunge passar ikkje med skor frå den andre. Noko i NO låg brende bein, grav 1, B 11370 I. Halvannan m i N låg tre naglar, B 11370 II, og litt SO for desse hadde dei funne B 11294, grav 2."
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det er uvist kor stor røysa har vore , i dag er det ein rest igjen av botnalaget som ligg igjen. Dette er delvis overfyldt med jord og stein. Det er kjent funn i frå røysa.
Beskrivelse fra lokalitet:
Fleire murar og vollar synleg etter det gamle klyngetunet på Hovland. Murane som ligg der idag er truleg etterreformatorisk, men plasseringa er eldre.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Murane etter klyngetunet på Hovland, her er fleire murar, men truleg frå nyasre tid. Staden er nok opphavleg førhistorisk.
Frå Per Fett: "Gravflokk ? på no dyrka mark, Austa-haugsekro, i slak skråning 100-150 m SO for tunet. Her ligg 0,5-1 m jord på leir. Her var fullt av groper på 1-1,5 m i tvm., nede på leirbotnen. Dei kunne vere runde og ovale. På botnen var eit kollag, derover nevestore steinar og øvst 10-15 cm jord. Oldsaker er ikkje funne. Gropene låg rastevis med 1-1,5-2 m mellomrom over eit område på 3 da, så der må ha vore hundrevis av dei."
Diameter: 10Høyde: 0,5Type: Rundhaug ;Haug på Larsastykket, no planert på toppen og tilreidd som utsynsstad, 150 m frå sjøen. 50 m O for stova, 6 - 7 m i tvm. Er større men utflata og hellelagt i dag tilgrodd i kantane med buskar og tre.