Diameter: 4,5Høyde: 0,3 ;Røys av nevestor stein lengst utpå bergnakken oppforbi gravfeltet på Kalvagjerdet. Påvist i 1990, gjenfunne i 2004 er overgrodd av buskas og vanskeleg å avgrense.
registret 1980, helleren ligg på vestsida av ei stor flyttblokk, hellarrommet er 6x6x8 kor det meste av rommet er dekt av utrasa stein. Prøvestikk i hellaren viste eit kolblanda lag vel 30 cm under dagens overflate. Ikkje datert.
Denne tufta ligg inn til eit berg om lag 15 meter sørvest for tuft I. Ein stor rund stein ligg oppå berget. Dei ytre måla på tufta er 4,5 x 7 meter, og den er orientert aust-vest. Langveggen mot nord fylgjer berget. Denne tufta er heilt overgrodd med lyng og gras. Steinane i veggvollane er forholdsvis store, og desse kan fylgjast rundt heile tufta. Høgda på veggvollene er på opp til 40 cm på grunn av storleiken på steinane. Det ligg litt overgrodd stein inne i tufta. Det kan sjå ut til at det er i den austlege endeveggen inngangspartiet har lege. Dette er det likevel ikkje mogeleg å slå fast utan ei nærmare undersøking. Det vart prøvestukke om lag midt i tufta. Profilen i prøvestikket syner øvst 5 cm brun torv. Dernest kjem det 4 cm gråbrun sand og grus. Under dette igjen er det eit brunt til svart humushaldig kollag på 5 cm. Nedst finn vi raudbrun fuktig aur og grå leire. Det er tatt ut dateringsmateriale frå lag 3, men det var ikkje nok midlar til å få denne prøva datert. Forma og oppbygnaden på tufta tydar på at den er frå førhistorisk tid. Av utsjånad ser den ut til å være eldre enn tuft I som er datert til mellomalder. Den er ikkje så godt bevart som tuft I, men det kan også skyldast at det er henta stein herifrå til bygginga av yngre tufter.
Beskrivelse fra lokalitet:
Tufta ligg heilt aust på eidet, kloss inn til ein bergknaus. Det er den best bevarte tufta som er registrert her, og såleis den tufta som er mest markert i terrenget. Ho er bygd oppå ein voll , og ligg derfor høgt i forhold til terrenget rundt. Inn mot bergknausen i aust går tufta i eitt med terrenget, medan det mot nord og vest fyst er bygd opp ein voll, som tufta igjen er bygd oppå. Store delar av tufta er overgrodd, men i den halvdelen av tufta som ligg mot nord er det synleg ein del stein i flata. Veggen mot nord og vest er mura inn til nokre større steinar. Den er delvis overgrodd, men likevel godt synleg. I sør går tufta i flukt med bakken, men den er avgrensa med stein langs denne endeveggen. Inngangspartiet finn vi her. Tufta er 7 meter brei og 8 meter i lang i ytterkant, og den er orientert nord-sør. Saman med vollen som er bygd opp er høgda på tufta opp til 1 meter mot nord.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Frå rapport 3-2001 HFK: Denne tufta ligg heilt aust på eidet, kloss inn til ein bergknaus. Det er den best bevarte tufta som er registrert her, og såleis den tufta som er mest markert i terrenget. Ho er bygd oppå ein voll , og ligg derfor høgt i forhold til terrenget rundt. Inn mot bergknausen i aust går tufta i eitt med terrenget, medan det mot nord og vest fyst er bygd opp ein voll, som tufta igjen er bygd oppå. Store delar av tufta er overgrodd, men i den halvdelen av tufta som ligg mot nord er det synleg ein del stein i flata. Veggen mot nord og vest er mura inn til nokre større steinar. Den er delvis overgrodd, men likevel godt synleg. I sør går tufta i flukt med bakken, men den er avgrensa med stein langs denne endeveggen. Inngangspartiet finn vi her. Tufta er 7 meter brei og 8 meter lang i ytterkant og den er orientert nord-sør. Saman med vollen som er bygd opp er høgda på tufta opp til 1 meter i nord.
Langaktig haug. Uklart markert, anlagt på en bergknatt. Liten åkerstein på Ø- og S-siden. Noe ujevn, særlig i midten. Urørt. L NV-SØ 8m, br 6m, h 0,6m. Antagelig bergrabb med tynt jorddekke.
I januar 2025 ble stedet befart og målt inn av Østfold fk. v/Sigrid M. Gundersen. Haugen er svært tynn - over størsteparten av flaten var det 10-15 cm torv-/jordlag før sonderboret traff fast fjell. Bergnabben er også helt i dagen vest, sør og nord for haugen.I øst, mot jordekanten, er det flere store steiner som kan tolkes som rester av en fotkjede - men det kan også være stein som er ryddet ut av åkeren. Det er tvilsomt om dette faktisk er en gravhaug - i så fall må den være delvis ødelagt. Kanskje vel så sannsynlig at dette er naturlig torvdannelse oppå en bergnabb, men for å være sikre på dette er det nødvendig å grave i haugen, og det var ikke nødvendig å prioritere dette denne gang. Utgangspunktet for befaringen var at forpakter ønsker å grave avskjæringsgrøft langs jordekanten øst for haugen. ØFK mener at tiltaket kan gjennomføres uten videre undersøkelser, ettersom det er utenfor haugen.
Haugen ble målt inn i felt med cpos, men rentegnet inne på skjerm etterpå (fordi originalfilen ikke lot seg importere til Askeladden).
NB: I den opprinnelige beskrivelsen fra 1966 er haugen beskrevet til å ligger 140 m NV for husene på gården. Dette kan aldri ha stemt. Men det kan passe at den ligger ca. 140 m NØ for driftsbygningen.
Frå Per Fett: ""Munkarøys" på kanten av det høge berget Fletena NV for husa på bnr. 4, like ved telefonlina. Der står ein varde. 6-8 m i tvm., låg, noko utkasta."
Diameter: 11Høyde: 1,75Type: RundrøysAttributter: Plyndringsgrop ; Røys 10 m frå 3, 15 m frå gjerdet, 40 m NV for 1 og 12-15 m frå riksvegen. 11 m i tvm., 1,75 m høg. Der er hol i toppen der det kjem til syne ei gravkiste 1,5 m NNO - SSV.