Kolgropa (nr.28 i registreringsrapport) ligg på ei tørr høgde i myrområde. Det ligg eit stort myrdrag i sørvest og eit grustak i søraust. Kolgropa ligg omlag 80 meter nordaust for kolgrop 27 (ID 99644). Vegetasjonen i området er einer, lyng,vier og dvergbjørk. Kolgropa er rektangulær, orientert nordvest-søraust, 1,70m x 1m, 20 cm djup. Noko uklår nedskjæring. Kraftig einerbusk i søraust, koluttrekk i aust.
Kolgropa (nr.29 i registreirngsrapport) ligg på ein tørr bjørkerabb. Kolgropa er rektangulær, orientert austsøraust-nordnordvest. Delvis markert voll i sør, kraftig masseutkast i søraust. Stein i nedskjæringa i sør.
Kolgropa (nr. 21 i registreringsrapport)ligg i middels tett, låg bjørkeskog i svakt nordleg-hellande terreng. Undervegetasjonen er gras og lyng. Det er ein bratt skråning sør for gropa. 3 store steinar ligg i eit belte 5 meter nord for gropa, og ein sti går forbi like ved gropa. Kolgropa er rektangulær, orientert sørvest-nordaust, 1,80m x 1,40m, 20 cm djup. Noko uklår nedskjæring. 2 meter vest for kolgropa ligg ei tilsvarande nedskjæring med tverrmål 2,40m. Det vart ikkje påvist kol i denne nedskjæringa, derimot mykje steinar rett under grasdekket.
Kolgropa (nr.20 i registreringsrapport)ligg i eit ope, relativt flatt parti med tett, låg bjørkeskog ikring. Undervegetasjonen er gras og lyng. Det går ein kant i terrenget med einer og bjørketre 5 meter vest for gropa, og det er ei lita høgd i terrenget 5 meter sørvest for gropa. Kolgropa er rektangulær, orientert søraust-nordvest, 1,50m x 1m, 15 cm djup. Uklår nedskjæring og vanskeleg å sjå i terrenget.
Gråbrun sandholdig masse med skjørbrent stein og kullfragmenter. Oval i plan, ca 121 x 84 cm. Sidene på nedgravningen jevnt avrundet, bunnen ujevnt buet. Ukaliberert datering er 2060 +/- 50 BP.