Landmålingsvarde. Utsyn mot Grunnevassknuden i Kvinesdal, Oddevassheiè i Hægebostad, Tindefjeddet i Åseral, Hekkfjedd i Hægebostad, Blomliknuten i Hægebostad, Voreknuten i Hægebostad, Stakksteinsliknuten i Hægebostad, Gausdalviå i Kvinesdal, Haugeheia i Kvinesdal, Kaldåsknipa i Lyngdal/Farsund, Langelandsfjellet i Flekkefjord, Voreknuden i Sokndal/Lund, Skykulo i Eigersund/Bjerkreim og Hilleknuden i Sirdal. Dette ID erstattar ID 102885 som var same lokaliteten.
To parallelle brudled, det sørlegaste med 13 steinar, det nordlegaste med 15 steinar, begge med pikstein i austre enden. Etter segna blei det eine brudleet lagt av brudgomsfolka frå Guddal i Sirdal, og det andre blei lagt av brudfolka.