Stølstuft. Stølen høyrde fyrst til gnr 194 Eptestøl, men frå 1832 til gnr 192 Håland når det gjeld slåtta. Trea skulle enno høyra til Eptestøl. No høyrer vel alt til Håland.
Støl. Det blei slege rundt 50 lass høy på stølen og i området rundt. Stølsdrifta tok slutt etter andre verdskrigen. Noko som også tok slutt etter andre verdskrigen, var gangtrafikken av gruvearbeidarar frå Sirdal som gjekk til og frå gruvene i Knaben. Somme av dei overnatta her på denne stølen. Stølsbua er restaurert og står opa for overnatting av tilfeldige vandrarar.
Rideveg frå 1670, omgjord til sledeveg (men enno med klassifisering rideveg) frå 1871 til 1908, brukt som lokal Åmlandsveg (køyreveg eller kjerreveg) til 1954. Brukar etter Rasmusbraunè over Saurfidbekkjen.