Stem (demning, dam), bygd av Kvina gruver i 1913. Smalavatnet blei stemt opp for å ferja molybdenet frå Kvina gruver til søre stem for Smalavatnet. Gruveselskapa hadde då (i 1913) gått saman om å byggja køyreveg vidare nedover om Knaben og ut til Netlandsneset, og i 1915 blei det bygd køyreveg som ein sideveg bort til Knaben I. I 1954 blei køyrevegen forlenga i ein ringare stand frå søre stem for Smalavatnet heilt inn til Kvina gruver.
Heller under diger steinblokk som står på skrå mot fjellveggen. Fjellveggen er fuktig i regn. Hellerromet går 15m inn. Segn om at berarane sette inn liket av Besse i Knaben her i førreformatorisk tid, og at dei sette frå seg liket av Tòri Olsdotter Knaben her på 1700-talet, over natta, og så bar dei i begge tilfelle liket vidare til kyrkjegarden neste dag. Like nordanfor ligg det ein heller under fast fjell, men med delvis fuktig golv og med mange ølboksar. Den aller eldste kyrkjevegen frå Knaben til Fjotland gjekk forbi her.