Sist brukte bjørnehi i Vest-Agder. Det er eit stort rom under eit samansurium av steinblokker. Bjørnen som låg her, blei skoten våren 1910 i Ausdalsdalen i Sirdal.
Det hiet som er blitt kartfesta og fotografert i Torfinn Normann Hageland: «Heieliv i Hekkfjeddet» (2021) s. 192 og 209, låg 140 m lenger ute i dalen, men det er ikkje det rette bjørnehiet, endå om det er der det står trykt namnet Bjødnehi på kartet. Det feilaktige bjørnehiet er dessutan blitt øydelagt av skred.
Heller. Signe på Hauan hadde kleskista si ståande under helleren. Ho var gift med Jakob på Kanten frå Ime i Halse sokn ved Mandal som hengde seg på Hauan i 1852. Tidlegare ID 69888 er stroke av di det var det same som ID 103162.
Molybdenglans-gruve, grunnstollen, i drift 1916-1918. Dette er den eigentlege Roma gruver. I tillegg høyrde det med to gruver ved ein øvre stoll og ei gruve ved Bergjetjødn, sjå eigne lokalitetar.