Kjølskodet skal ha fått navnet sitt fordi Olav den hellige en gang han ville bygge seg et skip inne i Trysfjorden, støtte treet som skulle brukes til kjøl, ned her. Jfr. tradisjonslokalitetene Masteskodet, Mastereisinga og Skipshols i samme område. En annen variant av sagnet sier at det var Olav Tryggvason som bygde Ormen Lange i Trysfjorden. Det er mulig at en tradisjon om et historisk skipsbyggeri her har flytt sammen med et vandremotiv. Peder Claussøn Friis forteller nemlig i sin Agdesidens beskrivelse at marineskipet St. Oluff ble bygd i Trysfjorden ca. 1570.
Her, midt i det gamle tunet på Øvre Øya, låg Tinghaugen, ein stor rund gravhaug, over 3m høg, med ei rund steinsetjing på toppen (sjå Arentz si teikning frå 1805). Der stod 12 bautasteinar i ring og 1 bautastein i midten (men Jens Kraft skriv at der stod 14 steinar i ein sirkel og i midten eit dommarsete). Namnet Tinghaugen kjem vel av vandresegna om tingmenn som sat på kvar sin stein, men det rette er at det var Feda som var tingstaden. Tinghaugen på Øvre Øya blei "undersøkt" i 1833, og i søre kanten av gravhaugen støytte dei på ei steinkiste som var 1,9m lang, 0,6m brei og 0,8m høg. Ho låg vend N-S. Det var tetta med never mellom hellesteinane. Steinkista inneheldt ei rikt utstyrd kvinnegrav med 7 leirkar, 3 trefat med sleiv, fleire draktspenner, eit sylvsmykke og ei hårflette. Rundt 1840 blei bautasteinane og gravhaugen fjerna; under midtsteinen fann dei ei leirkrukke med brende bein i og dessutan bek frå tetting av tre-kar. Her var altså både ei jordfestegrav og ei branngrav i same gravhaugen. Lenge låg det ei grov etter Tinghaugen, den såkalla "Tinggrova". Men no er alt utsletta.