Årli: "I Grønåsen går veien mellom store trær. Her blir berettet om larv og leven. Her går veien om Kalvehuset. Det skulle være farlig å gå inn i denne hulen, for her kan en se trolløyne lyse i mørke. Onkel Tobias kunne fortelle om trolldom og underjordiske. Jeg fikk ikke lov til å gå alene denne veien før jeg var 10 år."
Årli: "Rødland førte sak med Espeland på heia i mest 10 år. Begge gardane ville eiga ei utslåtte som heiter Kjeråsen. ... Dommen i saka fall i 1752 og Espeland tapte. Dei var då så utarma at dei måtte frå garden. Lensmannen som las opp dommen heitte Peder Mortensen Bøgvad. Han stod på Lensmannsmyra og las opp dommen. Sidan har her vore to markegastar. Ein høyrde dei i mørke haustkveldar. Den eine skreik så hjartesårt: "Her dømte jeg galt". Den andre gasten svarte: "Men du fikk mange penger". Her fekk Espelandsfolka hemn."
På elvebunnen, få meter fra land, er det observert nedrammede stokker. De har ofte vært i veien for småbåter som skal ut fra bekkeoset her. Mulig fast fiskeinnretning.
Fra Grannen: "Paa Oftedal i Bakke sokn var der for eit par mannsaldrar sidan nær husi ein stor stein dei kalla Granne. Til denne steinen bar dei gamle fyrstegrøden av alt på garden. Naar ei ku hadde kalva maatte Granne faa dei fyrste mjølkestrengjerne, og naar dei kom med det sa dei "Lykka med kjyraa!" Naar dei slagta ein kalv fekk Granne ein smakebite av kjøtet. Han fekk av ølet og jolegrauten og. Trui hekk so i fraa gamalt at Granne laut faa sitt skulde dei sjølve faa lukka med det. Dei fortalde um ein av Bakke-prestarne, han var paa reise til annekset, den gongen, Sirdalen. So hadde han høyrt um Granne og gjorde ein avstikkar til Oftedal. Dei synte han steinen og talde han til å ofra til han. "Ja, sjaa eg skal ofra!" sa presten og sette seg bakum steinen og løyste bukserne. Men etterpaa fekk han ei magesjuka som vara i fjorton dagar og nær hadde fenge han til aa tru paa Granne. Ein annen ferdamann tok og so haadleg i, daa dei talde til han um aa ofra til Granne; han var kje nokon narr og ofra til ein stein. Men han var kje langt komen, fyrr han fekk eit slag paa foten so dei laut køyra han fram. Ein fraa kyrkjebygdi som kjøpte gard paa Oftedal, trudde ikkje paa Granne og ofra ikkje daa han fekk nybæra. Nokre dagar etter misste han kua. - Det var syn for segn, tykte dei gamle Oftedalsbønderne, at det var best aa halda seg godvener med Granne." Stod på bnr. 14 "Der framme" på Sandbròdet like ovanfor husa til bnr. 13 "På Granne". Kartfestinga er omtrentleg. Under jordskiftet på garden rundt 1870 blei Grannen lagd i ein skorstein i eit av husa. Men Amund Helland fortel at Grannen blei sprengd sund, og delane blei lagd i ei bru. Grannen på Optedal må vera det same namnet som Granen i Åså. Namnet kjem av to ord som er blitt blanda i hop: "Ein grande" = ein grus- og sandbakke og "eit grand" = ei ulykke eller ein skade. Om ein ikkje ofra til steinen, kunne det skje ei ulykke.