"Når ein kjem heim Stølsvegen og litt etter ein kann sjå garden, er eit berg som heiter Romeberget. Der er nokre kvite stripor på berget og det kjem av at ei kjering som kom frå stølen slo ned ein rjomeambar her."
"På Lindefjell var dei alltid lenge på stølen. Dei hadde med seg krøteret og var mykje i fire vekor og slo. Der er ein støle som heiter Spiletjønnstølen. På denne stølen ski det bu vete i gamle dagar. Der spela og dansa dei. Mannen som åtte stølen fekk ikkje lov til vera der meir enn tri vekor med krøteret. Vilde han vera lenger, so blei krøteret jaga heim att. So blei han nøydd til å byggja seg stølshus på ein annan stad, so han fekk tvo stølar. So var han 14 dagar på den gamle og 14 på den nye. Då gjekk det godt. Ein gong såg dei eit kvinnfolk som låg og sov på stølsvollen. Men då dei vilde burt til henne, blei ho burte." Namnet kjem altså av at vetefolket spela (på dialekt: spila) og dansa på denne stølen, og vetefolket budde på stølen heile året bortsett frå dei tre vekene då menneska skulle vera der. Dette var allmenn tru til så seint som på 1800-talet.
"Ein gong gjekk ein mann frå Lindefjell yver heidi til Listøl. Vegen gjeng um Sandtjønn. Han gjekk på ytre sida av tjønni. Då såg han mange som kom ridande på indre sida. Det såg ut til vera brudfolk. Dei sat tvo på kvar hest, ein karmann og eit kvinnfolk. Brur og brudgom reid fyrst. Da han hadde set på dei ei stund, blei dei burte. - Det ski vera vete."
"Ivar Ousdal fann ei grav på garden sin på Lunde. Der var ei leirkrukke med ornament, ein gremming med pilar som var ihoprusta, nokre spjotoddar og ei øks med pik både bak og uppe."
"Midt i tunet på Eitland er ei kjempegrav. Der stod til for nokre år sidan nokre høge bautasteinar i kvar ende av grava, men dei blei brukt i fjøsmuren."
"Fleire gonger hev eg sett på det gamle bugjerdet, frå fjoset gjeng det som ei holveite, det er slit og tråkking av kretur og folk i dei mange hundrad år som hev grave henne ut."