"Segna ville veta at etter mannedauden 1349 var det att berre ei gjenta på Heggland. Ho sette seg på eit berg og såg ned til Nedland, og såg ein mann som kom upp kleiva. Sidan heiter berget Sedberget, og kleiva Mannakleiva."

"Høgst på den bratte bakken frå Søylandstjørna opp mot Storeheia ligg ein diger gråstein, høg som eit stort hus. Det er Prestesteinen eller Kyrkjesteinen. Under steinen er det små hellarrom. Gamal by- og kyrkjeveg frå Straumland og øvre Helle gjekk ut Helledalen og so opp under Storeheia og framum denne steinen til Litle Nesheia og ut Kleivan eller ned trappene. Kyrkjestasen bar folk med seg og ved Prestesteinen skifte dei på seg kyrkjeklæde og fjelga seg til kyrkjegonga. So sette dei frå seg tina og treskor under steinen, til dei skulle heim att."