Ein dødsdømd skomakar skulle sleppa dødsstraff om han kunne greia å sitja på stupkanten og lappa eit par skor. Då han var mest ferdig, miste han sylen, og så greip han etter sylen, men miste likevekta og datt ned og slo seg i hel.
Denne vandresegna finst både i Vennesla, Greipstad, Søgne, Sør-Audnedal, Lyngdal, Feda, Gyland, Rennesøy og Hjelmeland.
"Det er fortald at det var ein tjuv som heldt seg i Modalsliheia, ein stad dei kalla Kleppestøl. Han gjekk a kvigarden av Kleiva og stal ein sau, dei fylgde farvegen etter han til dei kom til Kleppestøl, då koga han på kjøtet. Denne mannen tok på rydda seg gard i ei to som dei seinare kalla Stangborli, og det har budt folk der lenge, som he vore ærleg og greide folk."
"Mellom Nedland og Kongevoll, litt utanfor Nedland, er det ein plass dei kallar Tronga. Det var den gamle almannvegen fyrr. Det er sagn om det eigong i gamle dagar blei drepen ein mann der i tronga, som heitte Svein Svadde. Han skulle falla på ei flat hella som ligg der i vegen, og til minne om dette skal det vera hoggen inn 2 bagvente S. S. Eg har vore ved steinen og sett, der er ein bagvent S, men ikkje 2. Folk trudde denne mannen gjekk heimatt, som dei seier, og det hende dei såg trongmannen, helst når det var ute å ferast der i myrkje."
"I gamle dager gjekk ridevegen frå Nedland opp bakken frå Stykkjet til tunet på Heggland. Fyrr ein kjem heilt på bakken, er der eit fæn, som dei kalla Hobmannsfænet. Etter sagnet kom der ein hobmann ridande, han var ute på skattekrevjing. Han kom uti dette fænet med hesten sin. Korleis det bar til, fortel ikkje sagnet meir om. Men så mykje var det, at fænet sidan fekk namnet Hobmannsfænet. Det er ei gamal herma på Heggland: Der kjem Hobbmannen på gangaren grå."
"Eit ... sagn frå Heggland fortel, at det attmed den gamle vegen, like i gardstunet, lå ein flat hellarstein, som det hadde blitt drepen ein mann på. Når folk kom ridande gjennom garden, og hesten hadde det lyte at den blei sta, så stansa hestane ved denne hellarsteinen. Då var beste måten å snu hesten og koma seg forbi steinen. Denne hella ligg nå i florsvala av T. O. Heggland."