"Ein mann på Homma såg eingong nissen på ein plass dei kallar Svinehaugen. Han var som ein liten gut, men hadde langt skjegg og pinkhuva som nissar plar ha."
"Attmed Øysævatnet i bumarka av Klungland er det ein dal som heiter Jomfrudalen. Om denne går det segn at det gjekk to jomfruer der etter dalen. Så kom det ein rise og ville ta dei. Den eien sprang då frå ein odde over på ei øy i Øysævatnet. Den andre orka ikkje eit slikt sprang, men tok tak i fjellet og heldt seg fast. Merket etter taket hennar viser ennå. Dei kallar det Jomfrutaket. Og der den andre sprang over, heiter Jomfruspranget."
Inntil og N for reguleringssonen: Tuft orientert N-S. Markert med veggvoller av stein, tverrmål 0,2-0,8 m, og jord. Utvendige mål 6 x 4 m. Kan være en forlengelse av tufta som går ytterligere 4 m mot N. Søndre gavlvegg er utrast. Del av slaggblokk funnet i erosjonssonen 40 m Ø for tufta.
"På Åtland er det ein stor stein som dei kallar Klovsteinen. Han er kløyvd i to store stykke. Det går segn om at ein rise kom med denne steinen, som han ville ha til bru over Kvinesåna (ved Rafoss), men då han kom til Åtland, blei steinen for tung, så han laut sleppa han, og då klovna han i to."