Kokegrop. Storleik 190x100 cm, rektangulær oval i forma. Mykje trekull og skjørbrent stein. Ei moderne dreneringsgrøft går gjennom strukturen. I profil var kokegropa 15 cm djup.
Tuft delt inn I to rom mot myr. Rommet nærmast myra, er størst på ca 5,5x5 meter, det andre rommet er noko mindre på ca 5x3 m. Det rommet ligg noko høgare. Tufta er tydeleg og ein kan sjå utgangen og ei grøft bak tufta. Slagghaugen ligg mot myra.
Tuft på ca 5,5x4 m I ytre kant av ein setervoll. Nokre groper ligg mellom tufta og slagghaugen, i den eine gropa låg det spor etter kol. Det er mykje einer rundt og I tufta.