Hôlveg, i bruk som offentleg rideveg fram til 1836. Han går over stemmen for Blaudemyr, han går over Blaudemyr (der vegen var trandla, men trandlinga ligg overgrodd), han går over Snømyr (der vegen sikkert også var trandla), og han går gjennom ledet i strengen Øvland/Djupesland ved Reinsteinen. Strekninga blei merka opp som løype i 1995 og merka på nytt att i 2013, men då omlagd til å gå rundt Blaudemyr. Blaudemyr er blitt altfor blaut etter å ha vore stemd ned for å gje kvernefall i fleire år.
Fornminne: Kullgrop, ytre diameter 6,0 m, indre diameter 3,7 m, dybde 0,5 m. Rektangulær grop med utydelige voller. Grasbevokst i gropa. Blåbærlyng og småbregner rundt gropa. Et grantre i Ø av gropa. Smågran, rognetrær i gropa.
Denne ridevegen var ein del av ein større drifteveg frå indre Vest-Agder som tok av på Finsland i Finsland og gjekk til Arendal, brukt fram til 1836. Lokalt var han kyrkjeveg for garden Åsen (Fleskåsen) i Finsland, brukt fram til 1930-åra.