Fornminne: Kullgrop, ytre diameter 4,60 m, indre diameter 3,10 m, dybde 0,70 m. Kvadratisk bunn, utydelig vollkant i N. Bjørketre i gropa, grantrær i og rundt gropa.
Rideveg, i allmenn bruk og i bruk av futen til 1842, i bruk som drifteveg til 1905. Det finst ingen merke etter denne vegen, men han blei merka som turløype i 1993.
Rideveg, i bruk til 1924 og noko i bruk til 1950-åra. Han går over ein lyngmo som heiter Troddeskeiet (= Trolleskeidet, av troll som i folkefantasien kappreid her). Så går han på skrå på ei berghylle (jf. bilete teke av Gisle Midttun i 1920, prenta i "Vegane i Hægebostad kommune" s. 26). Så går han forbi Kjådnevaren (= Kjernevarden, jf. bilete i "Norske bygder" bd. Vest-Agder II s. 10). Så går han nedover snaue berg. Han går høgt i kanten av Svøvshylen (jf. segn om ei brud som miste reisla, dvs. ei slags brudekrone av tøy og stas). Lenger nede går han over Dansarsletè (= Dansarsletta, der kyrkjegjengarane dansa på heimvegen). Til slutt kjem han ned til Skobekkjen (= Skobekken, der kyrkjegjengarane skifte skor; dei gjekk med kyrkjesko av lêr mellom bekken og kyrkja).