Gravflokk, no i alt 34 haugar, men der har vore mange fleire. Alle er bygde av stein og jord, dei fleste med tynnt torvdekke. Plan av Bendixen 1893 pl. I har med dei fleste, men hans nr. 23-27 kan ikkje no identifiserast og i alle høve har han ikkje eingong fått alle store haugar med. Det synest vere feil hos han. Hans N peikar mot NO. BEB her nedanfor viser til hans plan. Innimellom haugane ser ein gamle reitar, serleg SV og NO for fk. 1/3 og SV for fk. 1/10. Kroki i arkivet. Fk. 1/1 = Langrøys, V for gamlevegen, 40 m V for løa. 19 X 7 m NO - SV, no 1,5 m høg, men stein er innpåkasta. Fk. 1/2 = Røys, 18 m SV for fk. 1/1, 18 X 13 m NO-SV, 1 m høg. Noko stein er innpåkasta. Telefonstolpe i søre kant. Fk. 1/3 = Langrøys, tett SV for fk. 1/2, 12 x 5 m OSO - VNV, 0,5 m høg. Ligg midt mellom to reitar, og er mogleg rudningsrøys frå desse. Fetts fk. 1/4 = Haug, 20 m S for fk. 1/3, 10 m i tvm., 1 m høg, småstein innpåkasta. Bjørk og telefonstolpe i søre kant. Fk. 1/5 = Haug, 40 m SV for fk. 1/4, 30 m NV for fk. 1/14. 10 i tvm., 1,75 m høg. Tilgrodd med tjukk torv og kratt. Fk. 1/6 = Haug. BEB 27 vart øydelagd ved husbygg. Det må vere stova, som no står på same stad som i 1893. Herfrå er visseleg B792 - B795. Fk. 1/7 = Haug, 20 m SV for stova og like S for ei røys som synest vere øydelagde husmurar. 8 m i tvm. Søkk i midten. Uregelrett og noko tvilsam. Fk. 1/8 = Haug, tett S for fk. 1/7, 5 m i tvm., 0,25 m høg. Synest urøyvd. Bjørk og rogn. Fk. 1/9 = Haug, i vinkelen mellom to steingardar som og femner om fk. 1/7-8. 12 m i tvm., 0,75 m høg. Skadd og påkasta. BEB 26? Fk. 1/10 = Haug, 10 m V for fk. 1/11. 6 m i tvm., låg. Sers tynn torv. Fk. 1/11 = Haug 20 m S for fk. 1/9. 12 m i tvm., 1,5 m høg. Stort søkk i midten, utkasta mot S. BEB 25. Fk. 1/12 = Haug, 60 m S for stova, 20 m O for fk. 1/11. 8 m i tvm., 0,75 m høg med konkave sider. Ein hegg står midt i. BEB 24. Fk. 1/13 = Haug, 5 m S for fk. 1/12. Opphavleg 12 m i tvm., 1,5 m høg. No skadd ved dyrking i O og N. Søkk i toppen. BEB 23. Fk. 1/14 = "Laksheller-steinen", bautastein 35 m SV for fk. 1/10, om lag der vårflaumvatnet brukar nå fram. 1 m høg, 20 cm brei, 10 cm tjukk. Står ustøtt. Fk. 1/15 = Haug, 10 m SO for fk. 1/14. 7 m i tvm., 0,5 m høg. Skadd i NO. Fk. 1/16 = Haug, 4 m i tvm., låg, no berre tufta att etter utgraving 1893 (B. E. Bendixen). Der var berre ein steinrast med jord på. I eit tett lag kol i midten låg B4986. BEB 1. Fk. 1/17 = Haug, like V for fk. 1/16, 4,5 m i tvm., låg, bygd som fk. 1/16. Utgraven 1893 (B. E. Bendixen). Der var kol, brende bein og "utydelige spor af jern" i midten. BEB 2. Fk. 1/18 = Haug, tett NV for fk. 1/17, 7 m i tvm., 1 m høg. Søkk i midten utkasta av B. E. Bendixen mot O. BEB 3. Fk. 1/19 = Langhaug, 12-15 m N for fk. 1/18. 11 X 5 m NO - SV, 0,75 m høg, tilgrodd med tjukk torv. Litt skadd ved dyrking ved søre ende, der og noko småstein er påkasta. 1 m NO for fk. 1/18 grov B. E. Bendixen ut ein trekanta høgning der han fann trekol og litt sinder. Der var elles mest jord med litt stein, men inga grav. Dette er vel helst rest av den opphavlege overflata, etter at stein og jord utanom trekanten er teke til haugfyll. Slike "høgningar" kan ein framleis sjå elles og i skogen her, t. d. mellom fk. 1/23 og 1/28. Bendixen sjølv meinte her var likbålplassen. BEB. 5. Fk. 1/20 = Haug, 15m NO for fk. 1/18, 8 m i tvm., no berre tufta att etter utgraving 1893 (B. E. Bendixen); utkastet ligg mot S, men ei ny røys tett N for fk. 1/19 må og vere herfrå, då ho ikkje godt kan vere etter dyrking. I haugen var mest jord, og to steinrastar. Kollag på botnen og tett under torva. Midt i haugbotnen var ei grop med "svære sten" i. Spreidt i haugen var B4985. BEB 7. Fk. 1/21 = Haug, 10 m SO for fk. 1/20, 5,5 m i tvm., låg, no berre tufta att etter utgraving 1893 (B. E. Bendixen); utkastet ligg mot N. Der var jord og to steinrastar. I midten kol og brende bein, nærare kanten ei heil leirkrukke, B4987. BEB 6. Fk. 1/22 = Haug, 2 m NO for fk. 1/20, 5,5 m i tvm., låg, no berre tufta att etter utgraving 1893 (B. E. Bendixen). Der var "store randstene". I haugen var berre kol og brende bein. BEB 9. Fk. 1/23 = Langhaug, firkanta 10 X 6 m NO-SV (feil hos BEB), 0,5 m høg, ligg 4 m N for fk. 1/22 BEB 8. Fk. 1/24 = Haug, 6 m S for fk. 1/25. 10 m i tvm., 0,75 m høg med søkk i toppen. Her står nokre graner. BEB 10. Fk. 1/25 = Haug, 7 m O for fk. 1/23. 7 m i tvm., 0,5 m høg. Søkk i midten. BEB 11. Fk. 1/26 = Langhaug, 1 m NO for fk. 1/25. 9 X 5 m O - V. Søkk i midten. BEB 12. Fk. 1/27 = Haug, 2 m N for fk. 1/26. 6 m i tvm. Utkasta i midten mot O. BEB 13. Fk. 1/28 = Haug, 3 m V for fk. 1/27, 12 m i tvm., 0,8 m høg, no berre tufta att etter utgraving 1893 (B. E. Bendixen); utkastet ligg mot S. Der var "svære randstene" og haugen hadde konkave sider. Dei store steinar i toppen stakk opp av torva. I eit par kollag låg brende bein og bland desse eller elles spreidt låg B4984. BEB 14. Fk. 1/29 = Haug, 16 m NV for fk. 1/27, 8 m i tvm., 0,5 m høg. Søkk i toppen. Sterkt skadd av dyrking i V. BEB 15. Fk. 1/30 = Haug, 9 m O for fk. 1/29. 9 m i tvm., 1 m høg. Det er grave ein smal gang tvers igjennom NO-SV. BEB 16. Like N for fk. 1/30 ligg ein firkanta haug som Bendixen stakk ned i, men fann at han var naturleg, m. a. o. rest etter den gamle overflata, den som går rundt haug fk. 1/30. BEB 17. Mogleg kunne ein seie det same om BEB 19, som 1950 låg under ein veldig røys med åkerstein, bortrydda i 1973. Fk. 1/31 = Haug, 4 m i tvm., låg nok under same røysa som BEB 19, men er sjølv BEB 18. Fk. 1/32 = Haug, 6 m i tvm., ligg under ei røys med åkerstein like NO for fk. 1/31. Her er funne eit eineggja sverd. BEB 20. Fk. 1/33 = Haug, tett for fk. 1/32, var øydelagd i 1893, 14 m i tvm. No ligg her ei røys med åkerstein, men ein ser fotmerket rundt heile. BEB 21. Fk. 1/34 = Haug, like NNV for fk. 1/33. Har vore noko mindre enn fk. 1/33, men var i 1893 heilt øydelagd. BEB 22. Fk. 1/35 = Haug, låg 50 m NV for fk. 1/33, der fanst B6705 og C14009 - C14019, C14040. Dette kan godt vere frå ei og same grav.