I alt blei det på feltet registrert ein mogleg gravhaug og 69 rydningsrøyser. Det kan vere fleire rydningsrøyser i området, som no er dekt av rydningsavfall frå hogst og nyare rydningsrøyser (traktorlass med stein er dumpa i området). Området er i V avgrensa av ein veg (geil) som går N-S. Dette kan vere eit gamalt vegfar mellom Hensrud og gardane på S-sida av Brennaelva. I så fall får den moglege gravhaugen ei naturleg plassering, tett ved vegfaret. Rydningsrøysene er i hovudsak runde eller ovale, med ein diameter på mellom 1 og 3 m. Høgda er i hovudsak 10-30 cm. Steinen er for det meste mellom 10 og 30 cm i diameter), ofte med ein større jordfast stein i midten.