Fk. 7/1 = Røys/haug, 16 m tvm., 2 1/2 - 3 m høg, med lågare tilbygg i N og S, 3 og 5 m. Det må vera denne Bendixen nemner som "nordligst", 26 skr. i tvm., med tydeleg grøft omkring. No ein del dyrka inn til kanten, og grøfta syner ikkje. Kanten var steinlagd, no delvis skadd. Eit lite sår i NO-kanten, der det synte seg at haugen var bygd av sand, med steinkappe utanpå. Elles urørd, sers fin haug med store tre på. Fk. 7/2-3 = To røyser, låg S for fk. 7/1, oml. 10 m (16 skr.) i tvm., litt uviss. Fk. 7/4 = Røys, låg "sydligst", 18 m i tvm., var sikkert gravhaug. Jordskiftekartet har avmerkt fk. 7/1 og ein del andre røysar. Ei låg oml. 5 m SO for fk. 7/1, 10 m vid, visseleg ei av fk. 7/2-3. Fire andre, truleg både dyrkingsrøysar og dei andre gravrøysane, låg inntil 60 m S og SO for fk. 7/1.