• 102249

    id
    • 102249
    datafangstdato
    • 1954-01-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-11-27T13:23:20Z
    informasjon
    • Gravflokk. Halvhundre små røysar ligg i større og mindre grupper og rekkjer frå terassekanten mot SV og 140 m innover flata mot NO, i eit 80 m breitt belte. Gamle vegen opp Vardbergdalen til Sysendalen og over fjellet går midt gjennom gravflokken. Alle røysane er små og låge, dei største opp i 5 m i tvm., dei minste ned i 2 m tvm. Storparten av småfallen, jamn stein. Sume er jordblanda. Ein del lyfter seg så å seia ikkje over bakken, syner meir som ei rund brulegging. Mange er fine og runde, og kan knapt vera anna enn gravrøysar, andre er meir uvisse. I 1864 grov Nicolaysen ut 18 av dei. Der var brend stein i dei fleste, kol i sume, litt brende bein i ei. Ikkje oldsaker. I 1892 grov Bendixen ut 5, dertil 2 uvisse. I 3 av røysane var kol, elles ingenting. Dei utgravne røysane ligg no med søkk i midten eller er gravne med sjakt inn til midten. Det er ikkje råd å vita kven som har grave i dei einskilde tilfelle. Ved ukunnig graving i ei av dei to røysane som ligg for seg sjølv på nordsida av vegen lengst V, var etter Bendixen 1892 funne brende bein, kol og brot av leirkrukke. Kroki og meir utførleg melding i arkivet.
    kommune
    • 4619
    kulturminneId
    • 102249
    lokalId
    • 102249
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217