• 102530-1

    id
    • 102530-1
    datafangstdato
    • 2011-04-26T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-12-03T12:09:49Z
    informasjon
    • Fire søkk i berget som etter segna skal vera etter føtene på hesten til St. Olav der hesten landa etter å ha hoppa over Framvaren; St. Olav sat ridande på hesteryggen. Ifølgje Gustav Frestad i Reidar Christiansen: "Norske sagn" står framføtene i fjellet over ei mannshøgd over vassflata. Ifølgje Amund Helland: "Norges land og folk" bd. X del 1, s. 468, står framføtene høgt i fjellet i ein avstand av 30 fot (= 9,30 m) ifrå bakføtene. Torfinn Normann Hageland fann derimot alle fire søkka nær ved einannan, på austsida av odden. I nordaust står søkket etter den høgre bakfoten (tydeleg hestehov-forma). I søraust står søkket etter den venstre bakfoten (men den er meir utdregen som om hestefoten har gloppe taket). Det er 0,50 m mellom søkka etter dei to bakføtene, og begge ligg 2 m over nåverande vassmål, dei ligg på den sida av ein liten N-S-gåande bergrygg som vender mot vatnet, derfor er dei synlege frå båt om ein kjem heilt inntil. På den sida av den N-S-gåande bergryggen som vender bort frå vatnet, og som ein derfor ikkje kan sjå frå båt, er der to små søkk som kan vera etter framføtene, men det er ikkje sikkert. Det er 0,40 m frå søkket etter venstre bakfot til søkket etter venstre framfot, det er 0,80 m frå søkket etter høgre bakfot til søkket etter høgre framfot, og det er 0,70 m mellom søkka etter dei to framføtene.
    kommune
    • 4206
    kulturminneId
    • 102530-1
    lokalId
    • 102530-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2021-06-17T08:21:21Z
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217