• 103135-1

    id
    • 103135-1
    datafangstdato
    • 2006-10-17T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-12-15T10:11:30Z
    informasjon
    • Bondehelgenen Besse i Knaben heldt morgonbøn kvar sundag på Tådrehei der Bessestolen ennå står. Det er uvisst om Besse er ein historisk person. Dette med å hengja vottane på solstrålane er ei vandresegn. Grannen: "Besse Knaben er vel den einaste bondehelgen segni veit um fraa vaare kantar. Han kunne faa votterne sine til aa hanga paa solstraalarne. Ein dag fekk han det ikkje til. So tenkte han yver kva synd han kunde ha gjort og kom i hug at han hadde gjenge framum eit bygaks som laag i vegen, og ikkje teke det upp. Han snudde, fann akset og tok det med seg, og sidan var det ingen vande med vottarne. Besse hadde 6 gamle mil aa gaa til Liknes kyrkja, endaa var han fyrste mannen med kyrkja joledags morgon. Men ein joledag sakna dei han. "Han kjem nok, anten daud eller livande", sa presten. Og rett nok! Med dei saag uppetter vegen tok kyrkjeklokkorne til aa ringja av seg sjølve, og daa kom fjotlændingarne med liket hans Besse til Neset. Sume kvindøler trur at Englemonen ovanum kyrkja hev namn av at likfylgjet høyrde englesong daa dei kom dit med Besse. I Knaben er det eit sæte i berget som heiter Bessestolen den dag idag. Der heldt Besse bøn kvar morgon. Paa Hauland i Liknes er Bessebordet. Der heldt han maaltid naar han var til kyrkje."
    kommune
    • 4227
    kulturminneId
    • 103135-1
    lokalId
    • 103135-1
    målemetode
    • 63
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2020-01-27T20:13:20Z
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217