Middelaldersk gravhelle, knyttet til hyremannstradisjonen i Øksendal. Grannen: "Øksendal skal vera den eldste garden i Bakkesokn, og det gjeng ei segn om korleis han vart rudt og bygt. Det kom tvo menn ifraa Engeland. Folk kalla dei "hyrmenner"; for ordet gjekk at dei hadde vore kongen sine hirdmenner; men so hadde dei forbrote seg og maatte ryma. Ein av desse menner kom til Øksendal og rudde der. Men so hadde det nok kome upp at han var brotsmann; for ein dag kom lensmannen og skulde taka han. Det var skikken i den tidi at alle framandfolk som kom skulde ha ein drykk øl, og mannen gjekk daa ned gjenom tilet (golvet) og skulde i kjellaren etter øl til lensmannen. Men her hadde han ein løyndegang som han gjekk ijgenom og kom seg ut. Lensmannen sat og venta; men da han tykte det vart for lenge for han ut og leita. Ei stund etter saag dei mannen att upp paa eit høgt fjell dei kalla Husefjellet. Daa ropte han ned at dei maatte fara vænt med kona og borni hans, so skulde dei faa den store "fiskesaaen" som stod under Svarthellaren. Det var eit stor kjer som han hadde laga. Det tek tolv tunnor, og dei fortel at han hadde gjort det berre med tollekniven; men det var so fint som den finaste smørambar. Dette kjeret finst enno på Øksendal. Det er so stort og tungt at dei lyt byggja hus yver det. For ei tid sidan stod det i ei gamall bud; men so reiv dei den og bygde ei løda paa same tufti. Der stend det no og mange hev vore der og set paa det. ... Sume segjer og at han ogso ropte ned med det same um ein stor koparkjel full med pengar. Han stod i ei fæl glopurd dei kalla Revurdi og han skulde staa slik at soli skein paa han klokka tolv kvar dag. Sidan den tid hev mange leita etter han; men ingen hev funne noko. Hyrmannen kom seg ikkje langt avstad; for han bleiv i Ovedalsvatnet. Der hev dei nok funne han; for det er fortalt at kalken i Bakke kyrkja skal vera støypt av sylvspennet i beltet hans. Han vart gravlagd under ei stor steinhella paa kyrkjegaarden. Det er sagt at han førde heim tri store steinhellor fraa utlandet. Ei vilde han ha til stovebord, ei til dørhella og ei til aa liggja under paa kyrkjegarden. Men han fekk ikkje heim meir enn tvo av desse hellorne. Den tridje for ut av baaten og datt i aai under Bakkebrui. Der ligg ho enno. Ei stend no uppreist attved eit hus paa Øksendal, og den andre ligg paa kyrkjegarden. Den siste hev vorte uppreist kvar gong nokon av hyrmannsætti skulde gravleggjast; for alle mennerne av ætti hans vilde verta gravne under den hella. For kring 40 aar sidan daa dei opna ei grav under hella, fann dei nokre fæle kjempebein. Daa hadde ingen vorte gravlagd der i manns minne. Ein av dei som var med i likferdi var ein stor svær mann med eit uvanlegt stort hovud; men daa han tok det store kjakebeinet dei fann, gjekk det heilt utanpaa hans kjakar. Det hev vore ein vaksen kar som hev aatt den kjaken. Heile likfylgjet saag paa dette, og det liver enno mange som var med. Laarbeinet var au so stort at det var fleire tumar lenger enn paa den største mannen som var med. Det var ei vanleg tru at dette var beini av den fyrste hyrmannen, og han hev nok vore ei fæl kjempa." Jfr. lokalitetene Hyrmannstuptå og Svarthelleren på Øksendal, gnr. 57, i Sirdal kommune.