Nær Asalhaugen (sjå ID 41783) stod det ifølgje Grannen 2 1953 ein liten hellestein som det var skikk å ofra øl og graut til på joleftan. Men så var det ein prest i Sirdal, truleg Rønning, 1863-74, som mislikte øl- og grautberinga til hellesteinen, han fekk ein omreisande kramkar til å velta hellesteinen av ende, noko ingen bygdemann ville gjera. Sidan vart så hellesteinen innmura i skorsteinen hjå Per Svensson. Der låg han i fleire år, men så fekk Elias O. Tonstad lov til å ta hellesteinen for å setja han opp att i tunet heime, i Hauetunet. Kartfestinga er unøyaktig.