Fk. 2/1 = Hustuft. 32 x 7 m, NO - SV, delt i tre rom. Utgraven 1953 (Per Fett). B10748. Huset har visseleg vore av tømmer. Tufta ligg på ein reine, slik at austre langvegg er bygd på toppen av reina. Murane var godt synlege gjennom torva, men ikkje særleg høge. Over heile tufta var jernslagg og små kolbitar. Tufta vart restaurert etter utgravinga. Fk. 2/2 = Hustuft, 21 x 7 m, NO - SV, delt i tre rom med eit lite tilbygg mot NO. Desse to verkar førhistoriske, men utgravinga viste mellomalder, eller seinare tid. Ei rad tufter på gnr. 1, bnr. 34, Olav N. Juvet, er vel nyare, og sameleis dei som no er vekkrudde og stundom har gitt funn som ikkje nokon gong har vore presist daterbare (sml. B3317 - "Skaftøxe" i tilv. er trykkfeil for "Skaftøse" - som skal vere frå ei tuft 25 m N for tunet på gnr. 1, bnr. 9, B4990 truleg frå ei tuft NO for eldhuset på same tun. Fleire tufter som no er borte, er nemnde i arkivet og Bendixen 1893 s. 29 f).