Gropene (10 sikre, eit par usikre ifølgje Mandt 1972) ligg på ei flat hylle som ligg midt mellom to brune våningshus på garden Tveiten i Herand, Jondal kommune. Hella er 250 cm lang (lengste lengde N-S orientering) og 113 cm i lengste bredde (Ø-V orientering). Dei lengste endane går saman i ein spiss i den sørlege enden. Ellers er hella omlag "jamnbrei". 8 av gropane ligg konsentrert langs den sørvestre kanten. Ei av desse skil seg markert ut i storleik. 2 groper "ligg for seg sjølve" eit stykke aust og søraust for denne store gropa.