Beskrivelse fra lokalitet:
Tokagjelet er ein brattlendt elvedal. Riksvegen går på nordre side av dalen, medan det på søre og vestre side er bratte djuv.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
"Senningshelleren", kleberbrot i Espefjell NV for garden, rett mot Toka-gjelet. 10 m djup, 10 m brei i opninga, 1,5-2 m høg. Hoggemerke etter gryter, avfall på golvet. Synfaring i 2005 viser at staden ligg slik den er skildra frå før, i tillegg til hellaren vart det også observert ein hulveg inn til området. Denne har tilknyting til uttaket av emner og transport av desse. Dette er ein del av den gamle stølsvegen.