• 105899

    id
    • 105899
    datafangstdato
    • 2000-10-06T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-02-01T10:11:36Z
    informasjon
    • R 105899 er den største lokaliteten i utbreiing frå Sogndal kommune. I lengderetninga NA/SV måler lokaliteten om lag 370 meter. Lokaliteten er på sitt breiaste i vest, på cirka 150 meter i nord/sørlig retning. Lengst mot aust er bredda berre på 50 meter. Lokaliteten kan avgrensast topografisk til bergkammen den ligg på og av elva/bekken i sør, nord og aust. I vest er lokaliteten avgrensa til flata som går opp til BM 185, før terrenget byrjar å stige brattare opp mot Bjørndalsfjellet. Bjørndalen R 105899 vart fyrst registrert i 2000 av Ståle Furnes, Marit Skrede og Arnulf Østerdal i samband med forsterking av linjenettet frå Fardal i Sogndal til Mel i Balestrand. Registreringa avdekka 15 tufter og to kolgroper (A og B). Grop A vart C14 datert til 1530 +/- 60 BP og grop B til 1360 +/- 70 BP (Furnes 2001). Prøvestikk syna trekol i enkelte tufter, og to av tuftene vart daterte. Tuft A vart datert til 1310 +/- 70 BP, medan tuft E fikk dateringar til 1470 +/- 60 BP. I tuft E vart det også 9 funne kvartsbitar, som er det einaste gjenstandsfunnet frå lokaliteten. Dateringane frå gjeldane registrering ligg meir eller mindre innanfor dei same rammene, og plasserer med andre ord verksemda på lokaliteten frå og med romersk jernalder til og med vikingtid. Tuftene vert av Furnes, Skrede og Østerdal beskrivne som å vere hesteskoforma. Enkelte av tuftene er også dobbeltufter, som er to hesteskoforma tufter som ligg inntil kvarandre og saman utgjer ei tuft. Hesteskoforma tufter indikerar ein viss alder på lokaliteten, og ei generell datering til jernalderen kan nyttast. Den austlige delen av bergryggen lokaliteten ligg på er smalare enn den vestre delen, med ei bredde på mellom 30 - 60 meter. Bergryggen er smalast lengst aust og vert gradvis breiare mot vest. Landskapet stig i terrassar opp mot vest og S1(tuft). S1 ligg sentralt plassert i den austre delen av lokaliteten mot toppen av bergryggen, der landskapet flatar ut. S39 (kolgrop) utgjer lokalitetens austligaste struktur. Lokalitetsavgrensinga går om lag 30 meter aust for S39. S17 (tuft), ligg om lag i midten av lokaliteten, på grensa mellom den austre og vestre delen. Mellom S17 og S39 er avstanden på om lag 110 - 120 meter (sjå kart nr. 3). S38 (kokegrop), ligg 2 meter sørvest for S39 og 1-2 meter nord for elva, Havragrovi. Om lag 20 meter nordaust for S39 og høgare oppe i terrenget ligg S21, lokalitetens austligaste tuft. 40 meter vest for S21 ligg S1 (tuft). Sør for S1 i hellinga ned mot elva ligg fleire groper. S27 (kolgrop) ligg nærmast elva. 10 meter nord for S27 ligg S25 og 26 (kokegroper) attmed kvarandre. 8-10 meter nord for desse att ligg S28 (kokegrop). S28 ligg 5-6 meter aust for S1. 30 meter nordaust for S1: i bergkammens nordlige helling, ligg S20 som er ei mogeleg tuft. Cirka 25 meter vest for S1 ligg S2 og 3 (tufter), med 5 meters mellomrom. S2 ligg nord for S3. I ein halvsirkel rundt S3 si sørlige side, frå aust mot vest ligg S22 (skålgroper), S26 (kokegrop), S30 (eldstad/kolgrop) og S31 (skålgroper). Strukturane S4 (tuft), S36 (kokegrop), S5 (tuft), S6 (tuft) og S17 (tuft) ligg meir eller mindre på ei linje frå S3 i retning vest. 9 meter søraust for S17 ligg S32 ei kokegrop. 12 - 15 meter nord for S2 ligg to tufter attmed kvarandre (S18 og 19) mellom tuftene ligg ei kokegrop (S37). Frå S7 og S8 (tufter) i aust er det om lag 150 meter til lokalitetens vestlige avgrensing. I den vestlige delen av R 105899 er bergkammen breiare og den aust/vestlige hellinga er slak, nesten flat. Storparten av strukturane samlar seg på ein linje langs traseen si sørlige grense, frå S7 i aust til S15 i vest (sjå kart nr. 4). S8 (tuft) ligg 5 meter sør for S7 og 6 meter nordaust for S33 ei kokegrop. Cirka 10 meter nord for S33 ligg 2 tufter til (S9 og S10). S10 ligg 4 - 5 meter nordvest for S9. Om lag 10 meter vest for S34 ligg to tufter (S13 og S14) og endå ei kokegrop (S35). 15 meter vestover ligg S16, endå ei tuft. 20 meter sørvest for S16 ligg S15, ei tuft. På nordsida av bergkammen, om lag 40 meter nordvest for S14 ligg S23 og S24. Strukturane ligg i tilknyting til ein bekk og representerar to mogelege tjæremiler.
    kommune
    • 4640
    kulturminneId
    • 105899
    lokalId
    • 105899
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217