Ei kokegrop vart funnen i eit prøvestikk, som vart utvida til 1 x 1,4 meter. Kokegropa ser ut til å vere oval med diameter på over 1,3 meter. Strukturen vart delvis avdekka og avgrensa. Negativt prøvestikk ein meter aust for prøvestikk 2. Strukturen ligg under 18 cm moldjord. Strukturen inneheld eit lag med svært kolhaldig jord og mykje stein i toppen,nokre skjørbrent. Ei mikroflekke av flint vart funne i omrota moldjord (brente bein, tegl, fajanse) over kokegropa.