Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten vart først funnen i kjørespor etter traktor på marka. Etterpå vart utstrekning og funn og dokumentert gjennom prøvestikk. Funnstaden ligg på dyrka mark ein 50 meter søraust omlokalitet 1. Frå lokaliteten er det omlag 150 meter nordaust til tunet på bruk 121/3. Mot søraust er det vel 30 meter til løa på bruk nummer 2, no under bruk 3. Det går ein markaveg over søre del av lokaliteten og ned til nokre utleigehytter. Vegetasjonen på området er gras og høymole, i søre kant veks det ein eldre granhekk i grensa til bruk nummer 2. Lokaliteten ligg på to nivå, der austre del ligg 11-12 meter overhavet,medan vestre del ligg 1-2 meter lågare. Lokaliteten er delt av ein mindre bergkolle i nord og ein slak bakke i sør.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mengda funn viser at det er vestre del som ermest rik på funn. Funn av bergarten rhyolitt viser at lokaliteten kan plasserast til tidlegaste del avyngre steinalder, eller er godt og vel 6000 år gamal. Dei eldste laga på lokaliteten er mykje uroaav dyrking, utbreiinga på lokaliteten kan likevel setjast til 20 ganger 30 meter. Sentrum for loka-liteten er kring prøvestikka 1-2-3.